NTNU - miljøbevist?

Energi og miljø er eit av NTNUs hovudsatsingsområde fram i mot 2020. Studenttinget NTNU meinar at NTNU i dag ikkje gjer ein god nok jobb for å følgje opp dette i praksis og universitet har langt å gå før det blir eit miljøvennleg universitet.

På Studenttingsmøtet 9. mai hadde ein oppe ein sak om miljøsatsinga ved NTNU og skisserer fleire tiltak som kan gje ein meir miljøvennleg campus, deriblant parkeringsavgift, papirsparande tiltak for studentar og tilsette, tilrettelegging for bruk av sykkel og eit betre kollektivtransporttilbod for å komma seg til og i mellom campusane.

”Studenttinget NTNU meiner at NTNU i tillegg til å forske på, utvikle og eksportere miljøteknologi lokalt må følgje opp eigne strategiar i praksis. NTNU må bli et meir miljøvennleg universitet, der både studentar, tilsette og besøkande må gjevast moglegheit til å ta eit større miljøansvar på campusane.” – utdrag frå vedtaket.

”Dette er tiltak retta mot både studentar og tilsette slik at me alle kan vera med å bidra for å laga ein miljøvennlig campus og eit miljøvennlig universitet.” - uttalar leiar av Studenttinget Martin A. Sværen

Den sterkaste debatten var rundt innføring av miljøavgift for papirbruk, der Studenttinget landa på at ei slik avgift berre var aktuelt dersom dei andre papirsparande tiltaka ikkje har ynskja resultat. Tiltaka det er snakk om er ”print on demand” og dobbeltsidig utskrift som standard.

”Papirforbruket på NTNU er for stort i dag, og papirsparande tiltak er nødvendig. NTNU må slutta med sløseriet ein ser i dag. ” – seier leiar av Studenttinget Martin A. Sværen

I vedtaket låg det også inne at både parkeringsavgifta og ei eventuell miljøavgift på papir skal berre brukast til miljøtiltak og ikkje vera ein ekstra inntektspost på NTNU sitt budsjett.

Studenttinget NTNU vonar at dette vedtaket kan vera med å setta fart i miljøarbeidet på NTNU og at miljøutvalet ved NTNU tar desse innspela til etterretning i deira vidare arbeid.

Heile vedtaket kan ein finna på www.studenttinget.no.

Ved spørsmål eller utfyllende kommentarar, kontakt saksbehandlar Torun Hegre eller leiar av Studenttinget Martin A. Sværen.

VedleggStørrelse
Jrn. 43-07 Pressemelding miljø.pdf101.33 KB

Bookmark and Share

Postadresse:
Studenttinget NTNU
Alfred Getz' vei 3
N-7491 Trondheim
Besøksadresse:
Rom 121
"Stripa"
Gløshaugen
Telefon:
73 59 32 88
Telefax:
73 59 14 44
E-post
sti@org.ntnu.no
Kontaktinfo til tillitsvalgte
Kontaktskjema