Rettsikkerhet muntlige vurderinger
Fra STi-sak 19/09 - Rettsikkerhet muntlige vurderinger
”Studenttinget NTNU meiner det er bekymringsverdig at det i praksis ikkje er mogleg for studentar å klage på formelle og faglege feil ved munnlege vurderingar. Dette er heilt klart ei svakheit ved studentane si rettssikkerheit som Studenttinget NTNU meiner ein ikkje lenger kan leve med. Studenttinget NTNU foreslår derfor følgjande for å betre dette:
• Studenttinget NTNU meiner at videofilming av munnlege vurderingar er den beste måten å sikre studentane si rettssikkerheit på.
• Studenttinget NTNU ber NTNU setje i gong eit prøveprosjekt med videofilming av munnlege vurderingar hausten 2009. Prøveprosjektet må omfatte munnlege vurderingar både på lågare og høgare grad, og på fleire ulike fakultet. Det bør være frivillig for studenten om eksamen skal filmast. NTNU kan hovudsakleg nytte seg av eksisterande ressursar i gjennomføringa av prøveprosjektet. Det skal evaluerast i løpet av våren 2010, slik at ei eventuell innføring av videofilming som normalordning kan byrje hausten 2010. Tilbakemeldingar frå dei involverte studentane i prøveordninga skal nyttast i evalueringa, og Studenttinget skal involverast i denne.
• Studenttinget NTNU krev at det lages ei samtykkeerklæring før dette blir teke i bruk, som beskriv kva opptaket skal brukast til, og som signeres av eksaminator, sensor og student.
• Studenttinget NTNU oppfordrer NTNU til å søkje om støtte nasjonalt ved eventuell innføring av videofilming av munnlege prøver som ei normalordning.”
